søndag 10. januar 2010

Tid i organisasjonar

Ei publisert utkast skrive januar 2010:
"At Albert Einstein var ein skarp type er eit velkjent fenomen. Han trefte nok imidlertid ikkje spikeren på hovudet då han forsøkte å trøyste kona til ein bortgått fysikarkollega med at tida - med ei klar byrjing og slutt - ikkje hadde nokon eksistens for fysikarar og at døden derfor ikkje var eit relevant spørsmål for vennen sjølv. Dersom vi ser bort frå mislykka forsøk på å trøyste: Spørsmålet om tid, om det eksisterer uavhengig av oss og kva som er dens eventuelle natur, vert stilt i det meste eg kjem over. Både i religion, litteratur, filosofi, og altså fysikk, er dette eit grunnleggande spørsmål; Og ikkje minst har det ei enorm innflyting på korleis vi tenker om oss sjølve i kvardagen, dersom vi tenker etter. Dette kjem eg tilbake til.

I Isaac Newtons mekaniske univers hadde både rom og tid absolutte dimensjonar som kunne sjåast på uavhengig av kvarandre og av våre perspektiv. Ein av Einstein sine store "avsløringar" var at den kombinerte farten til alle objekt si rørsle gjennom rom og deira rørsle gjennom tid alltid er nøyaktig lik lysets hastigheit. Med andre ord: Det er lysets fart som er konstant, medan tid og rom er fleksible storleikar. Dersom ein forflyttar seg i større fart gjennom rommet går tida meir sakte(1). Inngangen til den moderne fysikken, først og fremst representert ved Einstein sitt gjennombrot med relativitetsteorien, fekk lenge stor innflyting på kunst og tenkning i det 20.århundre. Romtida som omgrep og dei moglegheitene som vart opna ved å sjå på den lineære og intuitive tida som eit relativt fenomen fekk mange til å stille spørsmål ved tradisjonelle oppfatningar. Enkelte intellektuelle (2) under austleg innflyting gjorde det til livsprosjekt å endre den vestlege verdas tidsforståing til å bli sirkulær, og på den måten bryte med det jødisk-kristne, eskatologiske verdsbiletet, som er tufta på grunnprinsippet om byrjinga og den kommande slutten (den endelege frelsa). Også populærkulturen har vore full av utforskingar av den fleksible tida, spesielt i Science Fiction og den pirrande idéen om tidsreiser.

Sett på litt avstand, er det nok rett å sei at nokon revolusjon av kvardagen ikkje har kome. Dei fleste av oss har ei forventning om at våre sysler har ei byrjing og ein slutt, og ikkje minst at våre liv følgjer ei klar linje. Ingen veit kva som skjer etter døden, men dei færraste trur det kan gå meir enn ein veg (sjølv om enkelte karakterar på forunderleg vis forsøker å sno seg unna både aldring og døden sjølv). Grunnen til eg no skriv om dette, er at eg den siste tida har tenkt på om vi (det store og uforpliktande "vi"-et) kanskje ikkje burde tatt ei ny runde med drøfting av tidsomgrepet i kvardagen. Eg tenker ikkje på individuelt og eksistensielt nivå (det er for kontraintuitivt), og heller ikkje på samfunnsnivå (det er for omfattande). Men på organisasjonsnivå...

Eg har nyleg hatt gleda av å lese Ståle Dokkens gode bok med den tvilsomme tittelen "Å få folk med". Dokken er leiar for LO si organisasjonsavdeling og argumenterer i boka for ei kompleksitetstenkning rundt organisasjonsendring og leiing. Hovudpoenget i kompleksitetsforskninga er - så vidt eg kan skjønne - at organisasjonsendring ikkje kan sjåast på som lineære prosjekt kor leiinga stakar ut ei retning og deretter får medarbeidarane til å trekke i samme retning, men snarare ei vedvarande og utforskande samtale om kva som skjer og skal skje. Organisasjonsendring vert i Dokkens analyse meiningsprosessar snarare enn og store interne omveltningar og resultatmål. Eg likar den djupna som ligg i avslutningskapittelet: "I kompleksitetsforskningen forstås årsakssammenheng som transformativ og tid som sirkulær. Tid er en sirkulær prosess fordi det som har skjedd (fortidens gest), og det som skjer (respons i nåtid), til sammen danner den kommunikative handling hvor mening skapes. Det noen gjør (en handling), får mening ved responsen som gis".

Organisasjonsteori er eit relativt nytt fag, men har vore dominert av til dels mekanisk og lineær tenkning, kor organisasjonsstruktur og til del -kultur kan analyserast etter mål/middel-kalkylar. Så langt har eg ikkje lest ei bok som i så klar grad har tatt ei ny tidsforståing inn i organisasjonsfeltet. Boka handlar - ikkje overraskande - om LO og ulike tilnærmingar til å rekruttere medlemmer. Ei gjennomgåande utfordring er å sette mål som involverer andre menneske (til dømes: vi skal ha 1 million medlemmer innan 2012). I staden for å legge for stor vekt på klare resultatmål og definerte strategiar, har LO si organisasjonsavdeling snudd fokuset meir mot seg sjølv og utvikling av den identiteten organisasjonen har. Spørsmål om identitet og makt er ikkje noko det kan svarast på i eit møte eller ei rekke møter, men som vert til gjennom dei samtalane vi fører og korleis vi gir meining til samspelet mellom menneska i organisasjonen. Dei erkjenningane som ligg i boka er personlege og tilsynelatande eit produkt av årevis med prøving og feiling (mykje feiling).

I min eigen jobb vert det ofte prata om utvikling av standardiserte oppgåver og "oppskrifter" på velfungerande frivillige organisasjonar. Så langt har det vore lite av dette og større vekt på kommunikasjon og kompetanseheving (kurs, utdanning, møtestader, osv). Etter å ha lest Dokkens bok er eg endå meir overtydd om at dette er rett filosofi. Også mitt inntrykk er at den lineære tenkninga i liten (men sjølvsagt til ein viss) grad fører til (positiv) endring."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar