tirsdag 17. januar 2012

Kultur som mislykka strategi for regional utvikling

"Regjeringa legg til grunn at kultur er eit sentralt verkemiddel i arbeidet med stadutvikling og lokal samfunnsutvikling, busetnad og verdiskaping. Kultur medverkar til å nå måla i distrikts- og regionalpolitikken. Sektoren medverkar også til etablering av kompetansearbeidsplassar regionalt. Kulturnæringane og kulturbasert næringsutvikling er døme på område i økonomien som kan fremje kreativitet og innovasjon i samfunnet."

Dette kan ein lese i ei Stortingsmelding frå regjeringa. Kultur som politisk strategi for å oppretthalde sterke distrikter har faktisk vore så viktig at Universitetet i Agder har tilbod om eige fag om emnet. I 2009 valde Bømlo kommune å oppretthalde kulturbudsjettet trass i store kutt for øvrig fordi kultur ifølgje ordførar Reidar Kallevåg "er vårt viktigste våpen i kampen om innbyggerne". Spørsmålet er: Kvifor skal ein legge til grunn at kultur er eit sentralt verkemiddel i regional utvikling?

9.januar la to forskarar frå Telemarksforskning fram ein vitskapelig rapport som slår fast at det ikkje er ei samanheng mellom kulturnivå og flytting. Dette er stikk i strid med fastsette oppfatningar og altså til og med med offentlig politikk. Jan Landro i BT skriv om rapporten og spør forundra "kan det virkelig være slik at kultur likevel ikke betyr noe når folk velger hvor de vil bo?"

Sjølvsagt kan det det. Det har lenge vore mi meining at mindre stader rundtom i Norge tilsynelatande har hatt for stort fokus på å gjere seg sjølv spennande for folk ved hjelp av satsing på kultur, ein sterk merkevare og ein tydelig identitet. Dette har blant anna skapt artige visjonar som "Sveio - Midt i leio" og "Rauma, verdens beste kommune for kulturglade mennesker". Hypotesen som ligg bak denne oppfatniga er visst at ei ny kreativ klasse er på full frammarsj i samfunnet, og at det er viktig for lokalsamfunn å tiltrekke seg desse kreative menneska for å oppleve vekst og utvikling. Som Landro sjølv skriv, tilhøyrer hypotesen den amerikanske forfattaren Richard Florida. Ein av Floridas hovudpåstandar er at denne nye "kreative klassen" først ser seg om etter attraktive stader å bu, og først i neste omgang etter arbeid. Desse teoriane har blitt brukt som motsats til meir tradisjonell næringsutvikling, som har lagt vekt på at folk følgjer arbeidsplassane. Innanfor Floridas horisont er eit sterkt kulturtilbod ein viktig faktor for å tiltrekke seg dei rette folka, og så kjem arbeidsplassane som ein følgje av at bedriftar flyttar dit dei menneskelige ressursane er.

Når no denne hypotesen no ser ut til å slå feil, i alle fall i Norge, burde ikkje det overraske nokon. I Hordaland er det til dømes Voss, sannsynligvis blant dei sterkaste kulturelle "merkevarene" blant norske tettstader, som har hatt minst vekst av områda i fylket i perioden 1997 til 2010. Veksten i denne perioden er berre på 130 nye innbyggarar. Fylket fekk totalt over 53 000 fleire innbyggarar i samme periode (Kjelde: http://statistikk.ivest.no/hf/). For det andre er det reint logisk: Det er naturlig å tenke seg at ønskje om vanlig arbeid og skule for heile familien som er den viktigaste faktoren når ein vurderer å flytte til (eller frå) ein stad. Det er vanskelig å tenke seg, om ein tenker seg om, at kulturfaktoren skal vere veldig sentral del av avveiinga når ein skal ta eit val om å flytte eller ikkje flytte til ein småstad i distriktet, val som er svært viktige for den enkelte.

Kva er så grunnen til at Floridas teoriar likevel har slått så godt an i Norge? Min hypotese er at mange kulturmennesker i "den høglytte minoritet" har blitt sjarmert av at det her kjem seglande ein teori som setter dei sjølv i sentrum for framtidas samfunn. Og dessutan at det sjølvsagt har vore eit viktig argument for fleire kroner til ein kultursektor som i stadig større grad har vore utsett for press på å kunne vise til ei samfunnsnytte. Oppfatninga av den "kreative klassen" som framtidas premissleverandørar for det norske samfunnet er etter mi meining svært problematisk av minst to grunnar:

1) Det tilslører reelle makt- og klasseforhold i samfunnet. Kulturell og human kapital gir marginal makt, eigedom og økonomisk kapital gir mykje makt.
2) Det kan altså tydeligvis ha ført til ein del reelle feilprioriteringar i kommunene, dersom det er riktig at det er gjort investeringar i kul og hipp kultur framfor investeringar i infrastruktur og andre ting som både skapar normal sysselsetting og kunnskapsarbeidsplassar (eg har tynt grunnlag for å sei noko nøyaktig om kva økonomiske midlar som ligg i dette)

Hordaland Fylkeskommune fekk rett før nyttår ein rapport frå Østlandsforskning i samband med ein ny plan fylket ønskjer å utvikle for regional utvikling. Denne rapporten bruker Richard Floridas teoriar som rammeverk. Forfattarane peiker på utfordringar med å anvende desse teoriane i norsk samanheng, men klargjer ikkje korleis dei faktisk har tenkt å bruke dei til sitt formål. På bakgrunn av den nye rapporten frå Telemarksforskning er det no uansett rett tid for Fylkeskommunen å sjå svært kritisk på premissa for rapportens konklusjonar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar