mandag 16. juli 2012

Eitt nytt sentrum, eller 19 gamle?

Gjesteskribent trykt i Bygdanytt 4.juli 2012:

Byråd Filip Rygg tenker høge tankar om å fylle igjen austsida av Arnavågen med masse frå Ulriken og bygge eit heilt nytt område for bustader og næring der det før var vatn. «Arna hadde vore tent med eit sentrum – ikkje berre eit senter», seier han til Bygdanytt. Ikkje overraskande er senterleiinga på Øyrane Torg positiv.

Ideen er spennande, og sentrumstenkninga har gode intensjonar for ei miljøvenleg og sosial utvikling av bygda, med jernbana som utgangspunkt. Men eg vil samstundes problematisere minst to av implikasjonane i dette: 1) Tanken om at Arna burde ha eitt sentrum (vi har jo allereie Ytre Arna, men eg skal la det poenget ligge akkurat no), og 2) tanken om at Arna burde ha eit heilt nytt bustadssentrum.

Den venta veksten i Bergen dei kommande åra stiller som kjent store krav til ei godt førebudd plan for utvikling av Arna. Dersom ambisjonen er å ikkje bli eit nytt Åsane, er fortetting det viktige nøkkelordet. Vi, som lokalsamfunn, bør imidlertid ikkje låse oss fast i at fortetting absolutt må skje på eit nytt område på Arnavågen. Stadsutvikling handlar sjølvsagt om korleis staden kan bli, men bør også skje med utgangspunkt i korleis staden er i dag.

Bergen Arkitekthøgskole har denne våren gitt ei stor gruppe studentar i oppgåve å lansere idear for utvikling av den vakre bygda aust for Ulriken. Eitt av dei 23 prosjekta tar utgangspunkt i ei «gløymt» ferdselsåre som har eksistert i 130 år, nemleg den gamle Vossebana. Langs traseen er det allereie i dag busetning, næring og arbeidsplassar, samstundes som det er stort potensiale for utbygging og næringsutvikling rundt mindre sentra som Espeland, Arnatveit og Tunes.

Ei gjenoppliving av bana i ny form kunne altså skapt fleire levande og sjølvstendige nærmiljø som kan vakse saman med eksisterande bustadsområder, slik ein ser skjer etter opninga av Bybanen. Arkitektstudentane held fram Havråtunet, med sin organiske og sjølvforsynande struktur, som eit førebilete for den vidare utviklinga av områda rundt stasjonane.

Ei revitalisering av både person- og godstrafikk på den gamle jernbana ville også opna mange moglegheiter for vidare vekst og utvikling for industrien som ligg langs traseen. Studentprosjektet teiknar opp ein ide som ville styrkt Arna sin identitet som togbydel, kor moderne, skinnegåande trafikk er bærebjelka i den økonomiske og befolkningsmessige veksten. Kanskje kunne fyllmassen frå utvidinga av Ulrikstunnelen blitt nytta til å lage dobbeltspor også frå Tunes til Haukeland?

Eit anna prosjekt foreslår å lage eit større sentrum på Storaneset. Samanlikna med eit sentrum på Øyrane, meiner studentane at ein vekst i Seimområdet vil vere nærare der folk bur i dag. Storaneset har nærleik til skule, idrettsanlegg og handel, og vil medføre ei styrking av dei tilboda som finst for folk som bur i området frå før. Området har dessutan betre soltilhøve og meir luftsirkulasjon samanlikna med Øyrane, kor lufta er meir stilleståande og utsett for lågtliggande svevestøv.

Det er sparka igang mange gode diskusjonar om korleis den uunngåelege veksten i Arna kan planleggast. At det har blitt ein open debatt med mange idear er først og fremst takka vere arkitektfirmaet Asplan Viak, som lanserte sine planar om fortetting i Indre Arna. Studentprosjekta frå Bergen Arkitekthøgskole presenterer litt andre prosjekt med alternativ for fortetting. Felles for den store Arna-interessa frå arkitektar og byutviklarar er at bygda har potensiale til å bli ein planlagt, fortetta og moderne stad.

Det er vanskeleg for meg som lekmann å vurdere realismen i dei ulike ideane, men det er viktig at freistinga det er å omfavne nybrottsarbeid i vill utbyggings- og utfyllingsrus ikkje overskygger andre gode løysingar. Eit nytt sentrum på Øyrane kan vere ei god løysing, men ordet «kan» må tydeleg understrekast. Ikkje minst må det tas høgde for at det faktisk bur ein heil del menneske i den langstrakte bygda allereie i dag, fordelt på 19 ulike klynger. Ein god plan for utvikling må tuftast på at det nye integrerast i det gamle.

Takk til Alexander Helle, Niklas Sebastian Alveberg og Henning Ribe

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar