«Hva gikk gale med rettskrivingen?» spør BT på framsida 11.oktober. Den utdanna middelklassen går visst aldri lei av å spreie negative myter om den ulne kategorien «folk i dag» utan sjølv å vise til anna enn eiga magekjensle.
Avisframsida tar utgangspunkt i at
språket er i forfall, og støtter oppunder denne sanninga på
innsida av avisa ved å snakke med eit lite knippe norsklærarar og
akademikarar. Eg har registrert at lister igjen er i vinden, og
lanserer dermed mi eiga liste over fenomen som bekymrar meg meir enn
om Edel frå Åstveit skriv «nyskjerrig» og «skulder pute»:
- At det tilsynelatande er greitt for landets fjerde største avis å påstå at folk flest skriv stadig dårligare utan å kunne dokumentere det
- At enkelte akademikarar og ekspertar fritt får komme med bombastiske påstandar om verdas tilstand utan å bli møtt med motførestillingar og kritiske spørsmål
- At språk og skriving for ofte vert framstilt som eit sett reglar framfor eit verkemiddel for så mange som mulig til å delta i samfunnet
For, som BT-Magasinet sjølv formidlar
i ei knapp setning: Vi veit faktisk ikkje om dagens ungdom skriv
dårligare enn før. Men i staden for å gjere ein utforskande sak ut
av denne usikkerheita, hoppar avisa i jenka med det sjølverklærte
finske språkgeniet Sanna Sarromaa og fyrer laus mot det språklige
forfallet i Ibsen og Hamsuns heimland.
Korrekt rettskriving – slett
vitskap
Alle teoriar om forfall har sjølvsagt
ein historisk dimensjon - ein føreset altså at noko var betre før
enn det er no. Det er freistande å tru at dette er ganske enkelt,
men for BT og deira utvalte språkekspertar fungerer forfall
tilsynelatande i eit synkront tidsvakuum. Ja, det finst sikkert mange som slit
med å stave «interesse» og «tunnel» rett, og som til og med
delar opp ord som burde ha vore skrive i eitt. Men kva grunnar skal
vi ha til å tru at førekomsten av slike rettskrivingsfeil aukar?
Eg har heller ingen vitskaplige
referansar på dette, men har hatt gleda av å lese mange gamle brev.
For eit par år sidan brukte eg ein del tid på Bergen byarkiv for å
lese gjennom hundrevis av innkommande brev til Haus kommune frå
1945-46, forfatta av vanlige bønder og funksjonærar (lang
historie). Språkføringa var ikkje mitt hovudfokus, men det var
vanskelig å ikkje legge merke til den utstrakte bruken av
særskriving. Dagens språkdiskusjon får ofte dette til å framstå
som eit nytt fenomen. Datagrunnlaget mitt er rett nok tynt, men stort
nok til å fastslå at det er det verkelig ikkje.
Auka bruk av skriftlig kommunikasjon
både i jobbsamanheng og i sosiale medie gjer at ein i dag har enkel
tilgang på langt meir «folkelig skrift» enn før. Eg har enno til
gode å lese tekstar frå i dag som innheld like mange formelle feil
som den klare storparten av dei folkelige breva frå tida etter
krigen. Nettopp den auka bruken av skriftspråk i formelle og
uformelle samanhengar, gjer det langt meir sannsynlig at
språkferdigheitene vert betre, ikkje dårligare. Igjen, grunnlaget
er tynt, men om du likevel meiner at rettskrivinga er i forfall: Vis
meg di guddommelige innsikt eller hald det for deg sjølv.
Det anarkistiske språket
Den mørkaste sida av denne
reproduksjonen av vedtatte sanningar er likevel at det oser av
klasse- og folkeforakt, slik også Håvard Nyhus påpeikte etter at
Sarromaas fekk ause si vrede over den norske språktilstanden i VG.
BT gjer seg med sine krigstypar om det anekdotiske språkforfallet
til eit talerør for ein elitisme kor språkføring implisitt bør
overlatast til dei som meistrar det heilt etter boka. Kva er det
desse språkekspertane eigentlig ønskjer? Vil dei ha ein streng
sentralnorm som i Frankrike, kor både språklig og politisk makt er
sentrert i Paris? Vil dei ha ein norsk norm som liknar meir på den
engelske, altså eit skriftspråk som ikkje vert påverka av korleis
folk snakkar? Sjølv om det engelske talespråket har endra seg ein
del gjennom dei siste århundra, flottar det engelske skriftspråket
seg framleis med totalt utdaterte ordformar. Tenk til dømes på orda
tough, though, thought, through og
thorough, ord som vert skrive nesten likt, men uttala svært
annleis. Om eliten skal få dominere språkutviklinga, er dette fort
resultatet.
Eg jobbar ikkje sjølv med
språkforskning, og heller ikkje spesielt med språk. Men eg er særs
glad i den norske språksituasjonen. Den moderne norske språkhistoria
er ei forteljing om utvikling av eit anarkistisk system, kor
talespråket ligg til grunn for utviklinga av dynamiske skriftspråk
som stadig vert tilpassa den verda folk lever i. Den ideologiske
grunngjevinga for motkulturar – og etter kvart også for
normgjevarar – som gjennom mange år har jobba for folkelige
språknormar, er sjølvsagt at så mange som mulig skal kunne delta
aktivt i samfunnet, og at ingen elite skal kunne ha monopol på
språket og dermed også den politiske makta.
Dette gjeld spesielt for nynorsken, men
etter kvart også for utviklinga i bokmål. Sarromaa seier til BT at
norsk skriftspråk har enkle og føreseielige system, og derfor er
lett å meistre. Det har ho heilt rett i, og det er veldig bra. Men
dette er eit resultat av at folkelig tale (og skrift) har fått
påverke skriftspråket i særskilt stor grad. Den store fridomen i
korleis ein kan uttrykke seg på norsk er eit demokratisk gode som må
forsvarast, så får akademiske pedantar heller rive seg i håret
over folkets manglande respekt for restane av dativsform i det norske
språket.
Ein viktig språkkamp
Eg har 99 problem, andre folks
rettskrivingsfeil er ikkje eitt av dei. Det som er eit langt større
problem i det norske språket, er korleis spesielt juristar både i
privat og offentlig sektor får dominere viktige samfunnsområde med
hjelpelaus skriving. Dei siste åra har eg måtte lese ein del brev
frå advokatar og frå forvaltningsinstansar som er tilnærma umulig
å forstå, sjølv med lengre utdanning innan språkfag.
Dette handlar ikkje om særskriving
eller feil med doble konsonantar, men om tekniske formuleringar og
tidvis total mangel på flyt. Problemet er sjølvsagt at dette reint
faktisk hindrar folk i å forstå konsekvensane av offentlige vedtak
som vert gjort, eller at ein som skal inn i ein rettsprosess ikkje
forstår korleis ein kan ivareta sin eigne interesser. Ifølgje ei
undersøking frå 2012 har over ein million nordmenn problem med å
forstå det offentlige. DET er eitt av mine 99 problem.
Det er absolutt ikkje enkelt å
forklare kompliserte saker på enkle måtar, men vi må i det minste
kunne forvente at det vert prøvd. På akkurat dette området har
Statens Vegvesen gjort ein god jobb med målretta forenkling og
folkeliggjering av informasjon, mellom anna på deira nettsider.
Dette har dei også spart over ein million kronar i porto på, og
henvendingane er redusert med 40 prosent.
Heller enn å moralisere over den
oppvaksende slekta si påståtte slette omgang med «og» og «å»,
burde språkdiskusjonen handle om korleis språket kan bli ENDÅ meir
folkelig.
Hei Martin! Tusen takk for veldig interessant tilbakemelding! Er på reise no, men skal lese snart, dette verkar knall.
SvarSlettDet er mange som jamrar seg over orddelingsfeil. Problemet er lett å løyse, - gjør det tillatt å dele lange substantiv. Det gjør språket lettare å lese, og skaper ingen problemer. Meininga forstår vi likevel ut av sammenhengen, konteksten. Det er bare rettskrivingsfanatikarar med vrang vilje som misforstår på grunn av feil orddeling.
SvarSlett